HELSENORGE

Helse Vest gir innsyn i prøvesvar på helsenorge.no

Med fleire prøvesvar tilgjengeleg på helsenorge.no, kan pasientar følgje eige sjukdomsbilete på ein heilt ny måte.

Prøvesvar - illustrasjon

​​Helse Vest gir no innsyn i svar på prøvar og undersøkingar frå mellom anna patologi og radiologi på helsenorge.no.

– Dette er informasjon som pasienten svært gjerne vil ha. Nokon har tatt brystdiagnostikk. Andre har tatt celleprøvar. Andre igjen er kronisk sjuke som ønskjer å forstå meir om sin eigen sjukdom, og som no kan følgje med på utviklinga over tid, seier Margrete Wie.

Wie er leiar for prosjektet som har resultert i at innbyggjarane no kan få innsyn i utvalde prøvesvar. Prosjektgruppa frå Helse Vest IKT har jobba saman med legar frå heile regionen. Saman har dei vurdert alle sider av innføringa, og korleis dette kan gjerast på ein god måte.

– Det har vore viktig å forankre dette på tvers av sjukehus og fagområder, for det er framleis mange skeptikarar. Legen med 150 kreftpasientar er bekymra for korleis pasientane brukar informasjonen. Pasienten vil på sin side veldig gjerne ha denne informasjonen, seier Wie.

Eit tilleggstilbod

Innsyn i prøvene gjer det mellom anna mogeleg for pasienten å samanlikne gamle og nye prøvesvar, og bruke dette til å lære meir om sitt eige sjukdomsbilete. Eit viktig spørsmål for prosjektgruppa har vore kva dette kan gjere med dialogen mellom behandlar og pasient.

– Den direkte kommunikasjonen med legen vil alltid vere viktigast, og det er legen som først skal informere pasienten om prøvesvar. Difor er det også lagt opp til ei forseinking før svara blir tilgjengeleg på helsenorge.no. Innsyn i eigne prøvesvar skal vere eit tilleggstilbod til pasienten, seier Wie.
Her finner du prøvesvar - illustrasjon

















Ønskjer full openheit

Når no fleire prøvesvar blir tilgjengeleg gjennom helsenorge.no, er det ein del av ein langt større prosess der målet er full openheit. På sikt skal innbyggjarane finne alle sine prøvesvar her.
Dette er eit stort og omfattande arbeid, og det vil ta tid før alt er på plass. Når vi no leverer prøvesvar innan patologi og radiologi, er det eit viktig steg på vegen. Her går vi i Helse Vest først, seier Wie.

Kva prøvesvar finn du på helsenorge.no?

Du vil finne prøvesvar bestilt av sjukehuset i desse kategoriane:
Patologisvar (undersøkingar av vev- og celler)
Radiologiundersøkingar (til dømes røntgen, MR, CT og PET)
Enkelte andre tekstlege prøvesvar

Prøvesvar som er bestilt av fastlegen din vil inntil vidare ikkje visast på denne måten, sjølv om dei er utført på sjukehuset. Du må sjølv kontakte fastlegen for å få svar på desse undersøkingane.

Merk at prøvesvar blir brukt som arbeidsverkty for helsepersonell. Språket må vere presist for å unngå misforståingar, og inneheld av den grunn ord og uttrykk som kan vere vanskeleg å forstå.

Les meir